

Nabolagskøppvinnarar:
1998 - Byrkjelo Killers
1999 - Byrkjelo Killers
2000 - Vestre Hyen
2001 - Lyckliga Gatan
2002 - Åslyhøgda
2003 - Lyckliga Gatan
2004 - Snekka
2005 - Benken
2006 - The Players
2007 - Takle
Romjulskøppvinnarar:
2003 - 80 - talet
2004 - FK Gast
2005 - Takle
2006 - 70-talskameratane
2007 - Takle
webdesign & copyright:
LØFelde, leifen.net
|
|
Ein gong nabolagar - alltid nabolagar!
"Nabolaget sitt hovudformål er sosialt samvær rundt fotball, fysisk fostring, øl, brennevin og andre gode som livet kan by på."
STATUTTAR FOR NABOLAGET
Skipa 29. februar 1992.
Art. 1:
Nabolaget sitt hovudformål er sosialt samvær rundt fotball,
fysisk fostring, øl, vin, brennevin og andre gode som livet kan by på.
Art. 2:
Nabolaget er ein liberal anarkistisk presidentstyrt klubb med
demokratisk styre. Presidenten si makt kan ikkje vere ubegrensa.
Art. 3:
Nabolaget sitt årsmøte vel styre.
I styret sit: Presidenten, Visepresidenten, Økonomiansvarleg og Festsjef.
Art. 4:
Styret, jfr. art 3 er vedtaksberettiga dersom tre, 3,
av fire, 4, styremedlemmer er tilstades.
Art. 5:
Nabolaget sine spelarmøte har utanom årsmøte og styre den utøvande makta
i klubben.
Dette er ei utvida fullmakt til å ivareta klubben i tida fram til neste ordinære
styremøte.
Art. 6:
Det er FRI SEX i Nabolaget.
Art. 7:
Medlemskapen i Nabolaget er knytt til Gloppen.
Skulegang og anna tilhøyrsle vert godteke, dersom tilhøyrsla har ein varig og
stabil karakter.
Det er eit utvida domisilprinsipp som vert lagt til grunn for vurderinga
om ein oppfyller medlemskapsvilkåra.
Naboar som medlemane måtte ha i Bergen er ikkje omfatta av domisilprinsippet.
Art. 8:
Nabolaget sondrar mellom aktivt medlemskap og seniormedlemskap.
Vilkåret for aktivt medlemskap tre, 3, treningar pr. semester, i tillegg til å
oppfylle
vilkåra i art. 7.
Det kan gjevast dispensasjon ved særlege høve. (Lex. Heimset).
Som
seniormedlemskap
vert rekna den som tidlegare har oppfylt krava til aktivt medlemskap.
Art. 9:
Nabolaget si målform er tilnærma NYNORSK.
Art. 10:
Vårt legitime rusmiddel vert avgjort av det einskilde medlemmet til ei kvar tid,
og utifrå ei samla vurdering av kva som passar staden, tida og tilhøva
ikring aller best.
Art. 11:
Nabolaget skal vere politisk uavhengig.
Art. 12:
Dersom det under nokre av Nabolaget sine samkome skulle vere einskilde
fysiske behov som det er
av stor betydning for einskildmedlemmet å få oppfylt, skal dette innvilgast
etter ei konkret behovsprøving.
Art. 13:
Nabolaget sitt årsmøte skal ta stilling statuttendringar og val. Møte og
røysterett har berre dei
aktive medlemmene. Årsfesten skal innehalde faste postar. Festrett har samtlege
medlemmer.
Årsfesten vel den dei vil til det dei vil for eksempel
rekrutteringssjef, konsulent, duskedameleiar,
kvinnekontakt og coach m.fl. Desse er ikkje medlemmer av styret. Alle vala skjer
ved simpelt fleirtal.
Art. 14:
Nabolaget sine statuttar kan endrast dersom ¾ årsmøte røystar for
endringa.
Ved tilføying av ein ny artikkel til statuttane må minst 2/3 av årsmøte røyste
for tilføyinga (Kroken).
Art. 15:
Årsmøte fastset medlemskontingenten for kvart år, og dette
gjeld både for aktive medlemmer og seniormedlemskap.
EIN GONG
NABOLAGAR - ALLTID NABOLAGAR!
Klikk
her for Word-utskrift
|