Gjestebok Nabolagskøpp Romjuskøpp Bilete Statuttar Medlemsarkiv Sogndal Styret  Startside 




  Nabolagskøppvinnarar:
  1998 - Byrkjelo Killers
  1999 - Byrkjelo Killers
  2000 - Vestre Hyen
  2001 - Lyckliga Gatan
  2002 - Åslyhøgda
  2003 - Lyckliga Gatan
  2004 - Snekka
  2005 - Benken
  2006 - The Players
  2007 - Takle

  Romjulskøppvinnarar:
  2003 - 80 - talet
  2004 - FK Gast
  2005 - Takle
  2006 - 70-talskameratane
  2007 - Takle

 
webdesign & copyright:
LØFelde, leifen.net

 

Ein gong nabolagar - alltid nabolagar!


"Nabolaget sitt hovudformål er sosialt samvær rundt fotball, 
fysisk fostring, øl, brennevin og andre gode som livet kan by på."


AVDELING SOGNDAL

    Rundt årtusenskiftet opplevde Nabolaget si storheitstid. i 99/00-sesongen vart det jamt
    stabilt oppmøte på rundt 15-16 på treningane og det vart svært mange aktive.

    Året etter var mange av desse studentar i Sogndal og det vart freista å få i gang ei
    underavdeling i Sogndal som kunne drive aktivitet i Nabolagets namn.

    Som for mange andre pionèrprosjekt dukka det opp uventa problem i oppstarten.. 



Oppstart:

Tanken dukka opp i kantina på kulturhuset, vinteren 2001 og våren 2002 hadde presidenten (Johan Strand Moldestad), Leif Øystein Felde og Bjørn Ødven eit høgst uoffisielt møte i dei seine nattetimar på Onkel Willy heime på Sandane. Her gav presidenten si velsigning til å starte opp ei underavdeling av Nabolaget i Sogndal.

Då haustsemesteret 2002 starta opp i Sogndal kom vi endeleg i gang med treningane, mykje takka vere Bjørn Ødven.


Leiande personar:

Primus motor og pådrivar: Bjørn Ødven
Materialforvaltar: May-Britt Sægrov


Treningsaktørar:

Desse har vore på nabolaget sine treningar i Sogndal hausten 2002 :
Bjørn Ødven
Rune Ommedal
Kjetil Tennebø
Roger Kandal
Vegard Vallestad
Anders T. Larsen
John Ivar Askevold
May-Britt Sægrov;
Karl Erik Utheim;
Harald Slettvoll
Leif Øystein Felde
Stig Rune Aa


Deltaking i studentcupen:

Hausten 2002 deltok Nabolaget for første gong på studentturneringa i Sogndal.

Dette gjekk over all forventning og nabolagarane tok heim andreplassen.

Dei som deltok var Rune Ommedal, Bjørn Ødven, Runar Tennebø, Kjetil Tennebø,
John Ivar Askevold og Anders Takle Larsen. På vegne av oss hine nabolagarar må eg (L.Ø. Felde)
gratulere med ein kjempeprestasjon, og samstundes beklage at ein del av våre eigne kom
med krass kritikk av laget i etterkant av turneringa.


Nedlegging:

I Sogndal tok ein tidleg juleferie etter flott prestasjon i studentcupen. Etter jul viste det seg vanskeleg å få i gang treningane igjen. Den aktive stallen var liten og det var vanskeleg å samle folk på treningane. Dette skuldast nok at mange har andre fotballtreningar, og ein del er og misnøgde med å verte kalla uønska og "ikkje-fullverdige-medlemar".

Pionerprosjektet i Sogndal viste seg å bli eit tungt arbeid der det blei vanskeleg å halde gløden oppe. Slik stoda er i dag (feb. 2003) må vel Nabolaget avd. Sogndal reknast for nedlagt. Avdelinga fekk ei førebels levetid på omlag eit halvt år..