Gjestebok Nabolagskøpp Romjuskøpp Bilete Statuttar Medlemsarkiv Sogndal Styret  Startside 




  Nabolagskøppvinnarar:
  1998 - Byrkjelo Killers
  1999 - Byrkjelo Killers
  2000 - Vestre Hyen
  2001 - Lyckliga Gatan
  2002 - Åslyhøgda
  2003 - Lyckliga Gatan
  2004 - Snekka
  2005 - Benken
  2006 - The Players
  2007 - Takle

  Romjulskøppvinnarar:
  2003 - 80 - talet
  2004 - FK Gast
  2005 - Takle
  2006 - 70-talskameratane
  2007 - Takle

 
webdesign & copyright:
LØFelde, leifen.net

 

Ein gong nabolagar - alltid nabolagar!


"Nabolaget sitt hovudformål er sosialt samvær rundt fotball, 
fysisk fostring, øl, brennevin og andre gode som livet kan by på."


ROMJULSKØPP

    Romjulskøppen er blitt Nabolaget si andre årvisse fotballturnering i Gloppen. Målgruppa er
    også her kameratgjengar med tilknyting til Gloppen og eller Nabolaget.

    Køppen starta opp i 2003 og går 2. juledag i Firdahallen.

    Det har vore med mellom 9 og 12 lag i køppen, med 12 lag som tak for antal lag.
    Turneringa ser ut til å vere populær og er blitt etterlyst av mange dei siste åra, då
    Nabolaget har vore noko seint ut i førebuingsfasen til køppen.

    Kor lenge køppen vil leve veit berre sitjande styre og sentrale personar i Nabolaget. 





 

ROMJULSKØPP 2007
 

Romjulskøppen gjekk som vanleg 2. juledag.

Det var i år med 9 lag i køppen:
- Anger Managment
- Gast
- Hårjævlane
- Takle
- Tyfoon Kickers
- Ta han du, eg har sting
- Gloppetausene
- Blanda Drops
- Rabbagast

Då underteikna ikkje var til stades under årets køpp blir referatet frå køppen småleg.
(Dette skuldast og at dei som var på turneringa ikkje har fått til å sende verken
bilete eller resultat/kampfakta frå turneringa!)

Gruppespelet vart spelt med det pussige og utradisjonelle 3-lags-puljer. 

Etter at gruppespelet var ferdigspelt var desse semifinalistar:

Takle - Gloppestadgutane 6-0

Ta han du, eg har sting - Rabbagast? ?-?

Finale:

Takle - Ta han du, eg har sting 1-0

1-0 Edvin Øygard

Takle:
Øystein Ellingsvåg, Helge Apalseth, Torgeir Apalseth, Vidar Apalset, Ruben Wie, Mads Wie, Edvin Øygard, Paul Remi Kvandal og Simen Solheim.

Ta han du, eg har sting:
Tom C Eimhjellen, Ingmar Sægrov, Kjetil Løkke Vie, Mathias Eikenes, Bjarte Skaaden, Ole Andre Aa og Raymond Molnes.


ROMJULSKØPP - 2006

Romjulskøppen gjekk som vanleg 2. juledag klokka 10.
Desse 12 lag deltok på årets turnering:
- Anger Managment
- Tyfoon Kickers
- Ta han du, eg har sting
- Rabagast
- F.K Gast
- Gloppetausene
- Takle
- 70 - talskameratane
- Gloppestadgutane
- Hårjævlane
- 1980
- Drivved

Etter at gruppespelet og kvartfinalane var ferdigspelt blei semifinalane som følgjer:

Ta han du, eg har sting - Takle 2 - 0.

Kamp med høgt tempo og mange tøffe tak. Kampen bølgja fram og tilbake, men STIL - gjengen var kvassare framfor mål og slo fjorårsvinnaren 2 - 0.

70 - talskameratane - 1980 4 - 3 e.straffer (1 - 1 ord)

Kopi av fjorårets semifinale der 1980 - gjengen vann 4 - 2. I år var veteranane meir konsentrerte og gjerrige bakover og fekk det psykologisk viktige førstemålet. Målscorar var Torbjørn Øygard. Etter dette blei det ein lurekamp med mykje possesion i begge lag. 1980 kom seg sjeldan inn i boksen og måtte vente til sluttminutta før eit frispark frå Rune Ommedal (på merkeleg vis) endå opp i mål. I straffekonken vart rutine avgjerande då 70 -gjengen fekk alle tre straffene innanfor målstolpane og i mål. 1980 fekk to av straffene i mål og måtte takke for seg.

Finale:

70 - talskameratane - Ta han du, eg har sting 7 - 6 e.straffer (1 - 1 ord)

1 - 0 Øyvind Sægrov
1 - 1 Mathias Eikenes

Tilskodarar var omlag det same som i fjor. Rundt 30

Dommar: Kristian Kleppe

Kampen vart eit oppgjer der STIL-arane tidleg sette standarden til ein tøff kamp med harde nærduellar. 70 -gjengen fekk etterkvart opp adrenalinet og dommaren fekk ein vanskeleg kamp å dømme der tjuvtriksa florerte og spenningsnivået var høgt. Veteranane gjekk (som alltid) opp i leiinga og kunne sleppe dei unge lenger fram på bana. 70 - gjengen såg ut til å styre det heile inn men så dukka Mathias Eikenes opp og sende ein volley vakkert i krysset. Det vart nok ein gong straffekonk. 70 - talskameratane hadde 2 mulegheiter til å avgjere det heile men ballen traff innsida av stolpane og forsvann. Men på den 3. matchballen sette underteikna (LØ Felde) inn vinnarstraffa. Finalens augneblunk var definitivt straffa til Mathias Eikenes i straffekonken. Ei laus lompe som gjekk ca. 2 meter over mål og truleg er den dårlegaste straffa som er sett i Firdahallens i nyare tid :)


Vinnarlaget 70 - talskameratane:

F.v: Øyvind Sægrov, Johan Strand Moldestad, Vegard Hide Vågene,
Leif Øystein Felde, Torbjørn Øygard, Torjan Reikvam Hansen og Martin Ryssdalsnes.


ROMJULSKØPP - 2005

Den tradisjonsrike romjulskøppen gjekk som i fjor 2. juledag i Firdahallen. Cupen starta klokka 10 og finalen gjekk halv fire.

Resultat gruppespel:

 

Pulje 1: K S U T Mål Poeng
Gjena Maks 3 3 0 0 8-0 9
Tyfoon Kickers 3 1 1 1 2-1 4
Gast 3 1 1 1 1-5 4
Snekka 3 0 0 3 0-5 0

Pulje 2:

           
Takle 3 2 1 0 7-0 7
FC Team Shittu 3 0 3 0 1-1 3
Hyen 3 0 2 1 1-4 2
Gloppestadgutane 3 0 2 1 0-4 2

Pulje 3:

           
80-talet 3 3 0 0 9-1 9
Tobba heile driden 3 2 0 1 13-4 6
Kvinnfolk..United 3 1 0 2 3-10 3
Rabagast 3 0 0 3 2-12 0

Kvartfinalar:

Gjena Maks - Kvinnfolk høyre heime bak oppvaskbenken United 2-0
Takle - Tobba heile driden 2-1
80-talet - Gast 4-0
FC Team Shittu - Tyfoon Kickers 2-0

Semifinalar:

Gjena Maks - Takle 0-1
Mål: Helge Apalseth

80-talet - FC Team Shittu 4-2
Mål: Ja, 6.

Finale:

Takle:
Helge Apalseth, Vidar Apalseth, Torgeir Apalseth, Ruben Wie, Edvin Øygard, Stian Ommedal, x, y.

80-talet
Rune Ommedal, Rune Bolseth, Roger Kandal, Runar Eikenes, Runar Tennebø

Kampfakta:

Takle - 80-talet 2-2
1-0 Edvin Øygard
2-0 Torgeir Apalseth
2-1 Roger Kandal
2-2 Roger Kandal

5-4 etter straffer

Dommar: Johan Strand Moldestad.
Tilskodarar: Ca 30 som i fjor

R-ane frå 80-generasjonen tok seg kontrollert til finalen etter Chelsea-metoden. Laget spelte seg stort sett inn i mål med ballen og dei fleste rekna vel med at desse karane kom for hente pokalen. Karane frå Takle levde opp til namnet og kombineter fint mellom fryktlause taklingar og hurtige overgangar med knallharde skot. Laget var nok "underdog" i både kvart, semi og finale, men viste at taktisk kløkt og vinnarvilje er viktig i innefotball.
Takle starta kampen best og fekk stressa 80-talet ut av ball-possesion-rytmen. (det kunne sjå ut som 80-talet var tappa for krefter etter den tøffe semifinalen :). Edvin Øygard klinte ballen i krysset tidleg i kampen og Torgeir Apalseth sette inn eit lurt skot litt etter. 80-talet blei tydeleg stressa og let Takle få kampen inn på sitt spor. Roger Kandal tok ansvar for 80-talet og sette 2 viktige scoringar på slutten. Den siste kom 40 sekund for kampslutt og laga måtte gjere opp frå 7-metersmerke. 80-talet bomma på to straffer og Takle bomma kun på ei. Difor vart Takle vinnar i årets roimjulskøpp og tok sin første tittel i Nabolaget sine turneringar.


Vinnarlaget Takle

Romjulskøppen blei nok ein gong eit knirkefritt arrangement. Posetiv overraskelse i år blei utvilsomt vinnaran Takle. Nabolaget sin balltrillargjeng i Snekka blei den negative overraskelsen. Spelarane framstod som haudelause høns og var reist i dusjen utan å ha scora når kvartfinalane tok til.



ROMJULSKØPP - 2004

Romjulskøppen 2004 vart gjennomført 2. juledag. Cupen starta klokka 10 og finalen gjekk omlag i firetida.

Resultat gruppespel:

 

Pulje 1: K S U T Mål Poeng
Tobba heile driden 3 2 1 0 7-3 7
Gloppestadgutane 3 2 0 1 3-1 6
Snekka 3 1 1 1 6-4 4
Stram/odør 3 0 0 3 1-9 0

Pulje 2:

           
FC den Bonk 3 2 1 0 9-2 7
FK Gast 3 1 2 0 6-2 5
80-talet 3 1 1 1 4-4 4
Hårjævlane 3 0 0 3 1-12 0

Pulje 3:

           
Takle 3 3 0 0 13-3 9
Tyfoon Kickers 3 2 0 1 11-5 6
BettyBoyS 3 1 0 2 3-11 3
Flickorna 3 0 0 3 3-11 0

Kvartfinalar:

Tobba heile driden - 80-talet 3-0
Gloppestadgutane - FK Gast 1-2
Takle - Snekka 2-2 (3-1 e. straffer)
FK den Bonk - Tyfoon Kickers 2-1

Semifinalar:

Tobba heile driden - FK Gast 0-2
Mål: FKG: Raymond Niiranen(2)

Takle - FC den Bonk 1-5
Mål: Takle: E. Øygard, FCdB: Martin Ryssdalsnes, Torbjørn Øygard(4)

Finale:

FK Gast:
Jens Jakob Bergheim, Bjørnar Sandal, Stian Hjelle, Kjetil Myklebust, Odd Stian Reed, Kim Daniel Kleppe, Bård Inge Nyvoll, Thomas Bjørkelo, Raymond Niiranen, Runar Egge
Alf Rune Felde(Manager)

FC den Bonk
Johan Strand Moldestad, Martin Ryssdalsnes, Thomas Fjellestad, Torbjørn Øygard, Frode Sægrov, Torjan Reikvam Hansen.

Kampfakta:

FK Gast - FC den Bonk 4-3
1-0 Jens Jakob Bergheim
1-1 Torbjørn Øygard

Straffer:
1-2 Johan Strand Moldestad
2-2 Jens Jakob Bergheim
2-3 Thomas Fjellestad
3-3 Bård Inge Nyvoll
3-4 Kim Daniel Kleppe

Dommar: Øystein Reikvam.
Tilskodarar: Ca 30.

FC den Bonk kom til finalen som ein av førehandsfavorittane. Rutinerte karar frå 76 og 77-generasjonen på STIL satsa på fint spel og kombinasjonar med mange trekk. Eit spelande lag med andre ord. FK Gast med Breimsbygda-spelarar og eit par supplement overraska både seg sjølv og dei fleste andre ved å ta seg til finalen. Som i kvarten og og semien prioriterte Gast svært høg innsats og streng disiplin i rekkjene. FK Gast nytta seg den første store sjansen i kampen og sette inn 1-0 tidleg. Den Bonk tok over banespelet etter kvart men hadde problem med å kome seg inn i målgarden til Gastane. Til slutt fekk Torbjørn Øygard hol på byllen 0g det stod 1-1. Slutten på kampen blei hektisk når den Bonk pressa på for utlikning og Gastane jobba knallhardt og venta på kontringsjansar.

Etter full tid stod det framleis 1-1 og det vart straffekonk. I eit nervepirrande drama fekk ikkje storscoraren i turneringa, Torbjørn Øygard ballen i mål på siste straffa for den Bonk. Kim Daniel Kleppe på Gast greidde å halde hovudet kaldt og sette spikaren med scoring på tredje straffa til FK Gast.


Vinnarlaget FK GAST

Romjulskøppen blei nok ein gong eit knirkefritt arrangement. Den store overraskelsen i turneringa blei utvilsomt FK Gast. Laget frå Breim har delteke på alle Nabolaget sine køppar men aldri teke seg vidare frå gruppespelet. Jubelen var difor stor når laget kom seg til både kvart og semi. Laget feira hemningslaust etter semisigeren mot STIL-myggane Tobba heile driden. Det var difor venta blant publikum at laget skulle gå på ein finalesmell då dei såg svært nøgde ut med å ha tatt seg heilt til finalen. Men breimningane greidde å nullstille seg og tok i land ein arbeidssiger mot feterte STIL-veteranar. At sigeren gjekk til ein outsider såg ut til å vere svært populært også blant publikum.

ROMJULSKØPP - 2003

Nabolagets første Romjulskøpp gjekk av stabelen 5. juledag 2003 i Firdahallen. Cupen starta kl. 12 og finalen vart spelt kl. 18.
Resultat gruppespel:

 

Pulje 1: K S U T Mål Poeng
Karane som ikkje var dar   3 3 0 0 7-1 9
Tyfoon kickers 3 1 1 1 7-2 4
Gloppestadgutane 3 0 2 1 1-3 2
Litt forskjellig 3 0 1 2 1-10 1

Pulje 2:

           
Jens Petrus Andersen FK 3 3 0 0 13-3 9
Snekka 3 1 1 1 8-7 4
Brurenugg 3 1 0 2 1-8 3
FK GAST 3 0 1 2 1-5 1

Pulje 3:

           
80-talet 3 2 1 0 10-2 7
Takle 3 2 0 1 7-3 6
Oppsop 3 1 1 1 2-3 4
Stram odør 3 0 0 3 0-11 0

Kvartfinalar:
1. Karane som ikkje var dar - Snekka 10-9 e. str.
Karane som bestod av mange gamle STIL-kjemper berga uavgjort rett før full tid. Etter ein lang straffekonk mot "bohemlaget" Øygen og co. viste dei at dei gamle framleis er eldst.

2. Jens Petrus Andersen FK - Oppsop 3-0
Jens Petrus Andersen FK med unge STIL-spelarar kontrollerte inn semifinaleplassen mot Oppsop som bestod av Breimsbygda-spelarar.

3. 80-talet - Brurenugg 6-0
Førehandsfavorittane 80-talet rundspelte Brurenugg som gjekk svimle av bana etter 6 baklengs.

4. Tyfoon Kickers - Takle 0-3  
Takle vann greit etter fine enkeltprestasjonar frå dei unge Apalsetane. Tidlegare Bolseth/Vågene sleit med å passere det hardtspelande betongforsvaret til Takle.

Semifinalar:
1. Karane som ikkje var dar - Jens Petrus Andersen FK 3-6
Gamlingane mot Myggane. Karane satsa på ballbesitjande fotball med driblerier og fiksfakseriar medan myggane satsa på tøft spel og kontringar. Både gult og raudt kort til myggane då det var 3 minutt igjen og stillinga var 3-5. Men i staden for ei spennande avslutning punkterte Ingmar Sægrov kampen då han dribla seg gjennom og sette spikaren med 6-3

2. 80-talet - Takle 5-1
R-ane på 80-talet putta 3 raske og kvilte seg inn til ein konfortabel seier. Takle sleit med å få låne ballen og blei tafatte utover i kampen. Var nest best i alt men greidde ei redusering før kampen var over.

FINALE:

Jens Petrus Andresen FK - 80-talet 0-3

0-1 Runar Eikenes
0-2 Runar Eikenes
0-3 Runar Eikenes

Jens Petrus Andersen FK:
Tom Carlos Eimhjellen, Mathias Eikenes, Kjetil Løkke Vie, Bjarte Sandal, Ingmar Sægrov, Ingar Sårheim, Bjarte Skaaden, Aleksander Egge

80-talet.
Kjetil Tennebø, Runar Tennebø, Runar Eikenes, Rune Ommedal, Rune Bolseth og Roger Kandal.

Jamnspelt i starten men JPAFK hadde truleg litt mykje respekt for motstandar. Fekk ikkje kontringar og sleit med å spele seg gjennom forsvaret. 80-talet spelte kontrollert ballbesitjande og venta på mulegheitene. Runar Eikenes blei finalehelten med alle tre scoringane etter fine gjennomløp der forsvaret til myggane blei for seine.  

80-talet var førehandsfavorittar og var i realiteten aldri trua. Bortsett frå frå 1-1 i gruppespelet mot Oppsop kontrollerte dei alle kampane sine inn til siger med tidlege scoringar. Med ein suveren målforskjell på 24-3 var det ein fortent vinnar av romjulskøpp 2003.


Vinnarlaget 80-talet. (Fotograf: Mellomste Folkestad)

Den første Romjulskøpp i Nabolagets historie blei eit flott arrangement med mykje publikum og god stemning. Mange frå Nabolaget var med å jobba og både i forberedelsar, gjennomføring og opprydding låg vi føre tidsskjema. Honnør til det nye styret i si første eldprøve.

 

ROMJULSKØPP

Reglement:

Tilpassa ut frå dei to følgjande reglement:

- The International Football Association Board (Revidert 26.02.2005 i Wales.)
- Futsal Elite Scandinavia (Revidert 11.07.2005)


Under Romjulskøpp gjeld dei vanlege fotballreglane med desse unntaka:

- Måla er standard handballmål.
- Det nyttast innefotball (filtball) i str. 5.
- Det skal nyttast skotøy som ikkje set merke i underlaget. (svart såle)
Desse spelarane skal visast av bana og får ikkje kome tilbake på spelebana
før passande skotøy er skaffa.
- Kvart lag kan nytte 5 spelarar på bana samstundes. Ein av desse ha annan
draktfarge og kan bruke hendene innanfor straffeområdet (keeper).
Antal spelarar pr. lag er begrensa til 12. Desse kan fritt byte under spelets gong.
- Ein må vere 4 spelarar på bana for å få starte kampen.
- 3 minutt for sein til kamp gjev resultat 0-3 og tapt kamp.
- Kampane varer i 12 minutt utan pause. Det er høve for dommar å legge til
tid. Maksimal tilleggstid er 2 minutt.
- Straffefeltet vert redusert til 6 meter.
- Offside drit vi i.
- Det er ikkje krav om å vere forsikra eller ha godkjendt lisens.
- Det er anbefalt, men ikkje påkrevd å bruke leggskinn. (Jmf. forsikring)
- Målspark vert erstatta av målkast. (Ingen restriksjonar i høve midtstreken)
- Går ballen i taket blir det frispark til motstandarlaget rett under.
Er det innanfor straffefeltet skal frisparket takast på 6-meters linja.
- Går ballen ut over sidelinjene på sekretæriatsida er den ute av spel.
Det skal då takast innspark frå linja. Frå "ribbeveggsida" spelar vi til ballen
går bak ribbene eller ligg fastklemd. Då vert det dropp.
- Ved frispark, innspark og målspark nyttast 4-sekunds regelen etter dommarens skjønn.
Går det meir enn 4 sekund, går frispark/innkast over til motstandar.
- Minste avstand til motspelar ved frispark og corner er 5 meter.
- Minste avstand til motspelar ved innspark er 3 meter.
- Straffespark vert teke frå 6 meter.
- Frispark innanfor målfeltet skal takast på 6 meter-linja.

Sanksjonsreglement:

Gult kort:
Ein spelar som blir belønna med gult kort skal visast ut i 3 minutt. Det er
høve for laget til å setje inn ny spelar for utvist spelar.
Gult kort vert gjeve ved:
- Glidetackling.
- Tackling bakfrå.
- Halding i trøya.
- Vekksparking av ball etter at kampleiar har dømt.
- Uvøren feiring av mål som for eksempel blotting av under eller overkropp.

Raudt kort:
Ein spelar som blir belønna med raudt kort skal visast ut for resten av
kampen. Etter 3 minutt er det høve for laget til å setje inn ny spelar for
utvist spelar. Dommar gjev teikn før spelar kan kome inn på bana
Utvist spelar har ikkje høve til å opphalde seg på benken før etter kampslutt.
Utvist spelar kan delta på lik linje med dei andre spelarane i neste kamp.*

* For særs grove brot på spelereglane eller særs upassande oppførsel kan spelar
bli ilagt fleire kampars karantene. Dette blir avgjort av jury etter gjeldande kamp.

Raudt kort vert gjeve:
- Etter to gule kort i same kamp.
- Hindre opplagt målsjanse på ein ulovleg, grov måte.
- Stygg takling bakfrå, eller anna voldsomt og farefullt spel.
- Slag eller spark eller forsøk på dette når ein ikkje har mulegheit til å nå ballen.
- Bruk av bannerord, kjønnsutrykk eller anna upassande språkbruk til dommar og/eller
motspelarar. (Setje sporten i vanry)
- Nekte å rette seg etter dommar sine instruksar etter å ha blitt irettesett
av den same dommar.

Avansementsreglar:

For gruppespelet gjeld følgjande rangering:
1. Poengtalet.
2. Målskilnad
3. Antal scora mål.
4. Innbyrdes oppgjer.
5. Myntkast.

(siger gjev 3 poeng, uavgjort gjev 1 poeng og ved tap får ein sjølvsagt ingenting som taparar sjeldan gjer.)
For sluttspelet gjeld følgjande rangering ved uavgjort:
- Straffesparkkonkurranse: Først 3 straffer. Flest scora mål vinn. Dersom det
fortsatt står likt vinn det laget som tek leiinga etter like mange skotne
straffer.


Protestreglement:
- Protest må varslast munnleg seinast 1. minutt etter kampen.
- Protest må sendast sekretæriatet skrifleg seinast 10 minutt etter kampslutt.
- Protestgebyr er på 200 kroner.
- Jury består av minst 3 personar.
- Jury består av Nabolagets styremedlemmar og presidentar som er tilgjengelege
Er desse personane ugilde gjennom sine eigne lag
kan dei ikkje fatte vedtak i protestsaker. Er heile juryen ugild
går saka vidare til personar i Nabolaget som blir godtekne som nøytrale av både
jury og dei som fremjar protesten.
- Det er ikkje høve til å anke juryen sine vedtak.



Vinnarar av Nabolagets Romjulskøpp:

2003:  80-talet
2004:  FK Gast
2005:  Takle
2006:  70 - talskameratane
2007:  Takle