§1
Generelt
Under Nabolagskøpp gjeld dei vanlege fotballreglane i forhold til å dømme frispark,
hjørnespark, utspel frå mål, innkast og mål med mindre noko anna er sagt her.
Unntak:
- Straffefeltet vert redusert til 8 meter
- Offsideregelen vert oppheva
- Keeper kan ikkje skyte ballen over midtbana når han skyt ballen frå straffefeltet.
I tilfelle brot blir det dømt frispark frå midtlinja
- Straffespark vert teke frå 8 meter
Vidare kan kvart lag maksimalt ha 7 spelararar på bana, inn og utbytte kan skje fritt
under spelet sin gong. Ein kamp varer i 13 minutt utan pause, med høve for kampleiar
til å legge til tid.
§2
Utvisning
Ein spelar blir vist av bana i to minutt ved:
- Stygg takling bakfrå
- Halding i trøya
- Vekksparking av ball etter at kampleiar har dømt
- Uvøren feiring av mål som for eksempel blotting av under eller overkropp
Kampleiar kan vise ein spelar av bana for resten av kampen ved grove eller gjentekne
brot på reglementet.
§3
Avansementsreglar
Dersom to lag står likt etter gruppespelet, går det laget som vann det innbyrdes
oppgjeret føre. Ved uavgjort i innbyrdes kamp går laget med flest skora mål føre,
sekundært det med best målforskjell.
Skulle det vere umogeleg å skilje laga etter dette, må avgjerdsla takast ved lutkast.
Endar ein kamp i køppspelet uavgjort, skal den avgjerast med straffesparkkonkuranse.
Kvart lag tek 3 straffespark, dersom det fortsatt står likt vinn det laget som tek leiinga
etter like mange skotne straffer.