
Vinnarlaget The players
Fleire bilete på bildesida
NABOLAGSKØPP - 2005
Nabolagskøppen 2005 gjekk 9. juli på Idrettsplassen. Gledeleg i år med stigning
i deltakarlag, då 12 stilte på og gjorde det til ei underhaldande turnering
Desse 12 laga deltok.
1. Snekka
2. Gloppestadgutane
3. Benken
4. V.S.O.P
5.
FK Gast
6. Statoil Stardalen
7. Tyfoon Kickers
8. I siste liten
9.
Dei moralske vinnarane
10. Tine united
11. Hårjævlane
12. Middels Bjørg
Grunna teknisk svikt har fakta frå 2005 - turneringa forsvunne. Slik er det
berre.

Vinnarlaget: Benken
NABOLAGSKØPP - 2004
Nabolagskøppen 2004 gjekk av stabelen på Byrkjelo laurdag 24. juli.
Desse 10 lag var med på køppen:
- Hårjævlane
- F.K. Gast
- Snekka
- Tine United
- Gamlekarane
- Stardalen
- RabaGast
- Toppa Heile Driden
- FK
Slya
- Nikoteam
Etter at gruppespelet var gjennomført gjekk ein i år rett på
semifinalar med dei to beste
frå kvar pulje. Semifinalane vart med
følgjande lag:
FK Slya - Snekka.
FK Slya var eit lag beståande av
spelarar frå Jølster sitt A-lag ++. Snekka var førehandsfavorittar og bestod
av tidlegare stjerner frå 80-talet frå romjulskøppen pluss nokre andre
nabolagarar. Snekka styrte kampen og hadde dei farlegaste sjansane, medan SK
Slya var farlege i kontringspelet. 3 minutt før slutt blei Roger Kandal felt
av bakerste forsvarar, og dommaren måtte sende FK Slya - spelaren ut i 2
minuttar. Snekka forsette presset men fekk ikkje ballen i mål. Difor måtte
kampen avgjerast på straffekonk der Snekka vart det sigrande laget.
Toppa Heile Driden - Tine United
THD beståande stort
sett dei same unge STIL-spelarane som utgjorde Jens Petrus Andersen i
Romjulskøppen. Tine United kunne skilte med NM-tittel i meieribransjen og
bestod av A-lags spelarar frå Breim, Jølster, Sandane og Hyen. Kampen veit eg
lite om sidan eg dømde sjølv på motsatt bane, men kampen gjekk også her til
straffekonk som THD vann.
Finalen blei med dei to same laga som møttest innandørs i
romjulskøppen, men no med andre namn:
Toppa Heile Driden:
Tom Carlos Eimhjellen, Bjarte Sandal,
Bjarte Skaaden, Helge Apalset, Kjetil Løkke Vie,
Ingmar Sægrov, Aleksander
Egge.
Snekka:
Runar Tennebø, Roger Kandal, Bjørn Ødven, Øystein
Eide,
Runar Eikenes, Øygen Folkestad, Thomas Eide, Øystein Reikvam.
Finalen blei ein jamn kamp der Snekka hadde mest spel og
store sjansar. Omlag halvegs var Bjørn Ødven på rett plass i si svært frie
spissrolle og sette ballen innfrå kloss hald. Etter dette måtte THD flytte
folk opp på bana og det blei skapt sjansar mot begge måla. THD varta opp med
nokre fine detaljar men som i gruppespelet gjekk dei seg litt faste når dei
nærma seg motstandar sitt mål. Likevel var det Snekka som var nærast ny
scoring og berre kombinasjonen av godt keeperspel på THD og eit par mottak som
ein murvegg inne i feltet blei det ikkje fleire mål i finalen og Snekka kunne
ta turen til Gloppen Hotell for å feire sigeren med Tub og Pizza.
Tonen blant nabolagarane etter køppen var god og vi var bra
nøgde med arrangementet. Til tross for litt forseinkingar p.g.a. dommarmangel
gjekk det meste knirkefritt med både kampar, speaker og kiosk. Sjølv om det
kun var 10 lag med i køppen såg det ut til at dei fleste laga var nøgde med
opplegget. Det var fleire kampar og mindre venting på alle laga, og køppen
vart gjennomført på ca. 4 timar. Nivået på laga var relativt jamn og vi
unngjekk det som var ein liten tendens i fjor, at nokre lag var samla i hop
utan tilhøyrigheit og var veldig gode. Etter det underteikna kan huske vart
det poeng på alle laga i år. Spesielt bør ein vel nemne Rabagast som fekk sine
første poeng og første seier i år.

Vinnarlaget: Snekka
NABOLAGSKØPP - 2003
Nabolagskøppen 2003 gjekk av stabelen laurdag 26. juli på
Byrkjelo
Følgjande 13 lag deltok på køppen:
- Stardalen
- Nye
Byrkjelo Killers
- Hårjævlane
- F.K. Gast
- Boca Juniors
-
Gloppestadgutane
- Lyckliga Gatan
- GHK
- F.K. Kauguri
-
Eldrebølgen
- Åslyhøgda
- Blomst
- RabaGast
Køppen var i år prega av lite mål og mange (litt for) gode
lag. I eine gruppa vart det kun scora 2 mål på 6 innleiande kampar, og finalen
enda opp med straffekonk etter at ingen av laga greidde å setje ballen i mål
etter ordinær tid eller ekstraomgang. Dei fire laga som tok seg til semifinale
var Stardalen, Kauguri, Lyckliga Gatan og Åslyhøgda. Til slutt stod Lyckliga
Gatan igjen som vinnar etter straffekonkseier både i semifinale og finale.
I år som i fjor gjekk arrangeringa av køppen greit. Skal ein
prøve å forbetre noko kan det kanskje vere ein ide å prøve å unngå at
nabolagskøpp blir ei turnering der lag stiller med nesten reine lag av aktive
spelarar. Dei første åra samla køppen mange fleire med enten geografisk eller
anna tilhøyrigheit, som vel var litt av intensjonen med køppen. I år var det
mange lag som kanskje er med å skremme vekk dei som nabolagskøppen vel er
meint for.
NABOLAGSKØPP - Arkiv
Nokre historiske tilbakeblikk medan vi venter på årets
turnering. Her ser vi vinnarane frå 1999,
Nye Byrkjelo Killers. Det var og
desse karane som vann den første køppen i 1998.
BFV: Idar Skinlo, Stian Førde, Rune Henning Torheim og Jan Roger Myklebust
FFV: Leif Øystein Felde, Johan Strand Moldestad og Peder Felde.
(Bilete er
Henta frå Firda Tidend)
Prewiev frå Firda Tidend føre 2000 køppen med eksklusivt
intervju med presidenten kan du lese her:
Førehandsomtale Nabolagskøpp 2000 henta frå Firda Tidend v/Ola Hope
NABOLAGSKØPP
Nabolagskøpp er ei årviss fotballturnering som
nabolaget arrangerar heime i Gloppen. Køppen er ei uhøgtideleg turnering for
grendalag, kompisgjengar og andre lag som samlast til uhøgtideleg fotballmoro.
Turneringa blir arrangert på Sandane eller Byrkjelo og går av stabelen i
sommarferien. Turneringa er både for dei som driv, og dei som ikkje driv med
idrett til vanleg. Vi satsar på ein høg sosial profil der folk skal få høve
til å treffast og ha det kjekt i samband med fysisk fostring.
Nabolagskøppen blei for første gong arrangert i 1998 og hadde såleis 10 års -
jubileum sommaren 2007. Antal deltakarlag har variert mellom 8 og 16 lag. Nokre
år har det vore eit tak på 16 lag i køppen. Dette på grunn av at det
arrangementsmessige skal vere gjennomførbart på ein dag.
Deltakarlag har kome frå heile Gloppen Kommune. FK Gast er det einaste laget
som har delteke på alle turneringane heilt sidan starten. Elles har lag som
Byrkjelo Killers, Gloppestadgutane, Hyen og Åslyhøgda vore med på dei fleste av
køppane. Dei siste par åra har det og kome med nokre lag frå nabokommunen
Jølster. I 2002 - køppen var det til dømes gledeleg å sjå at eit lag frå
Stardalen var blant deltakarlaga.
Etter mange positive tilbakemeldingane frå deltakarane ser det ut til at
nabolagskøppen er eit positivt og godt mottatt arrangement i heimkommunen som vi
håpar å kunne halde fram med i mange år endå.
Reglement
Generelt Under Nabolagskøpp gjeld dei vanlege fotballreglane i forhold til
å dømme frispark, hjørnespark, utspel frå mål, innkast og mål med mindre noko
anna er sagt her.
Unntak: - Straffefeltet vert redusert til 8 meter. - Offsideregelen
vert oppheva. - Keeper kan ikkje skyte ballen over midtbana ved målspark. I
tilfelle brot blir det dømt frispark frå midtlinja. - Straffespark vert teke
frå 8 meter
Vidare kan kvart lag maksimalt ha 7 spelararar på bana, inn og utbytte kan
skje fritt under spelet sin gong. Ein kamp varer i 13 minutt utan pause, med
høve for kampleiar til å legge til tid.
Utvisning Ein spelar blir vist av bana i to minutt ved: - Stygg takling
bakfrå. - Halding i trøya. - Vekksparking av ball etter at kampleiar har
dømt. - Uvøren feiring av mål som for eksempel blotting av under eller
overkropp.
Kampleiar kan vise ein spelar av bana for resten av kampen ved grove eller
gjentekne brot på reglementet.
Avansementsreglar For gruppespelet gjeld følgjande rangering: 1.
Poengtalet. 2. Målskilnad 3. Antal scora mål. 4. Innbyrdes oppgjer.
5. Myntkast.
(siger gjev 3 poeng, uavgjort gjev 1 poeng og ved tap får
ein sjølvsagt ingenting som taparar sjeldan gjer.) For sluttspelet gjeld
følgjande rangering ved uavgjort: - Straffesparkkonkurranse: Først 3
straffer. Flest scora mål vinn. Dersom det fortsatt står likt vinn det laget
som tek leiinga etter like mange skotne straffer.
Klikk her for utskriftsvenleg side
Historikk
1998 - Køppen gjekk på Byrkjelo og vinnar blei Byrkjelo Killers.
1999 - Køppen gjekk på Sandane og vinnar blei Nye Byrkjelo Killers. 2000 -
Køppen gjekk på Byrkjelo og vinnar blei Vestre Hyen. 2001 - Køppen gjekk på
Byrkjelo og vinnar blei Lyckliga Gatan. 2002 - Køppen gjekk på Sandane og
vinnar blei Åslyhøgda. 2003 - Køppen gjekk på Byrkjelo og vinnar blei
Lyckliga Gatan. 2004 - Køppen gjekk på Byrkjelo og vinnar blei Snekka.
2005 - Køppen gjekk på Sandane og vinnar blei Benken. 2006 - Køppen gjekk på
Sandane og vinnar blei The Players
2007 - Køppen
gjekk på Sandane og vinnar blei Takle
Bilete
Nabolagskøpp 2001 -
Nabolagskøpp 2002 -
Nabolagskøpp 2003
Nabolagskøpp 2004 -
Nabolagskøpp 2005 -
Nabolagskøpp 2006
Nabolagskøpp 2007
|